LightWeb
Gaularfjellet - Flatheim 4H-og friluftsgard
LightWEB
Startside

Flatheim    Aktuelt    Overnatting    Aktiviteter    Dyra på garden    Stølsutleige    Lenker    Kontakt oss

LightWeb
Flatheim
Flatheim | Historiekiosken4H-gard |
På Flatheim kan du finne roen, her kan du oppleve naturen veldig nær. Fjella, elva, skogen, lyset og lydane. Du kan sove i gamle pensjonatsenger, eller du kan slå opp telt og leve det gode liv, med utedo, vatn frå elva og eld på grua.

Her kan du ta ein lang eller kort vandring langs det verna Gaularvassdraget på den godt tilrettelagte Fossestien.
Om du heller vil ha guiding på topptur eller stølstur kan vi tilby det. Eller du kan gå åleine om det passar deg best.

Eller du kan prøve fiskelykka. Fiskekort kan kjøpast hos oss.

Vi likar å ta vare på historie og tradisjon, syne det fram og bruke det. Vi har difor nokre spanande rom i kjellaren på hovudhuset som er innreia med smått og stort, gamalt og litt nyare. Vi har med god grunn valt å kalle det for nostagikjellaren.

I hagen har vi høner og hanar, ender, kaninar, marsvin og vaktlar. Vi har sauer og lam på beite.
I skogen er masse fugl, og vi har laga ei fugleløype, der du kan sjå og lære om dei.

Vi har gapahuk med leikeplass, grue og sjusteinsovnar, eit lite forsamlingslokale,-"Nostalgi-kjellaren", ein bevaringsverdig og særprega kiosk frå 1963-64, og vi har stølsutleige.

Like ved har vi eit skileikanlegg. Dette har tautrekk, varmestove og område for jibbing. Ope 3 dagar i veka.

 

Velkommen til oss!
Historie
Garden Hov har truleg hatt busetjing tilbake til høgmellomalderen, dvs 1050-1350. I Seinmellomalderen Slåttene som er dei øvste bruka på garden vore øydejord. Utover 1800-talet auka busetjinga, og fleire bruk brei rydda og delte frå hovudbruket. I 1949 vart dette bruket, Flatheim, frådelt som eit eige bruk. Huset som no står på bruket, var innflyttingsklart i desember 1949. I huset var det blant anna drive pensjonat. Vegen over Gaularfjellet opna i 1938, og dette vart då hovudvegen gjennom fylket. Tidleg på 60-talet vart det også starta opp med bensinstasjon. Det var også ein liten driftsbygning på bruket. Denne vart riven, og erstatta med ein ny og større midt på 80-talet.

Drifta på garden har alltid vore basert på ein kombinasjon av jordbruk, reiseliv og noko arbeid utanfor garden.
Kiosken

Kiosken er ein del av det som tidlegare var ein bensinstasjon her på Flatheim. Denne byggestilen var vanleg på slutten av 50-talet og begynnelsen av 60-talet på bensinstasjonar. Det er etterkvart få slike att å sjå langs vegane. Denne var bygd i 63. Vi vurderer den som bevaringsverdig, og eit spor i historien om vegen over Gaularfjellet. For nokre år sidan fekk vi ein liten slump pengar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune til å gjere litt restaureringsarbeid. Kiosken blir fortsatt brukt til det den var bygd for. Om sommaren sel vi is og brus, og litt andre spennande varer, både lokalprodusert, heimelaga og bortelaga.

4H-gard
 

Garden er godkjent som 4H-gard. Det vil sei at den er godkjent etter fleire ulike kriterier. Dette er kriterier som går på drift og aktivitetstilbud, sikkerhet og risikovurderingar, mattilsynet m.fl. Garden har samarbeidsavtale med utvalde 4H-klubbar. Desse klubbane får ekstra gode vilkår for å nytte garden i sitt arbeid.

LightWeb

Flatheim 4H- og friluftsgard

Adresse: N-6978  Viksdalen
Telefon: +47 57 72 00 18
Mobil: +47 992 46 066 / 913 88 622

Webside: www.gaularfjellet.no


 
Tilbakemeldinger 

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Fyll inn din e-mail adresse for å motta vårt nyhetsbrev!


© LightWeb